-
Susanne Urban Kraftmuseet
Når/kor: 03.04.25 kl.13.00 Kraftstova
«Jeg har aldri vært borti en konflikt der en av partene er uten et eneste godt poeng» - Johan Galtung
Velkomen inn til eit crashkurs i konflikthandtering basert på fredsforskar Johan Galtung sin metode ved Susanne Urban
Johan Galtung, nestor i fredsforsking, har mekla i tallause konfliktar gjennom eit halvt århundre. Gjennom kursverksemd og symposier har han i tiår poengert ein viktig erfaring: Det gjelder alltid, alltid, alltid å spørje – korleis ser det ekteskapet/den arbeidssituasjonen/det Afghanistan ut, som du har lyst til å leva i? Det handlar om å forankra prosessen i ein positiv visjon, for å frigjere kreativiteten. Då vil ein oppdage felles draumar og lengslar på tvers av skillelinjer.
Susanne Amira Maria Urban er kosmopolitt busett i Norge sidan 1977. Ho er arkitekt, byplanleggjar og samfunnsdebattant innan spørsmål om berekraftig byutvikling, miljø og fred og medredaktør for boka 100 års fredsarbeid, hva nå? og forfattar av boka Galtungs metode for fred. Ho har gjennomført ulike fredskurs i Hardangerakademiet sin regi og har fulgt akademiet sitt årlege sommarsymposium med Johan Galtung.
Etter føredrag er det opning for spørsmål/samtale med salen.
Arrangementet er del av Galtung-prosjektet, under leiing av Kraftmuseet i samarbeid med Hardangerakademiet for fred, utvikling og miljø.