Hopp til hovudinnhald

Ope tysdag-fredag frå kl. 10-15 

Laurdag/søndag: Stengd


Billett: 100,- | Barn u/16 år: gratis
Student: 60,-

Naustbakken 7, 5770 Tyssedal

150m å gå frå parkeringsplassen til stasjonen

Kraftmuseet formidlar korleis vasskrafta og industrien endra samfunnet tidleg på 1900-talet. Kraftstasjonen er eit nasjonalt, freda kulturminne med originale maskinar, instrument og interiør. Du får omvising og film, du kan utforska korleis straum blir til, og sjå utstillingar med tema knytt til arkitektur, vasskrafthistorie og konfliktar kring vasskraftutbygging. Museumsbutikk og kafé med lokal mat og drikke. 

Ei kjekk og minneverdig oppleving for små og store.

Den majestetiske kraftstasjonen vart bygd mellom 1906 og 1918 for å levera straum til verdas største karbidfabrikk i Odda. Kraftanlegget var i si tid eit av Europas største, og er i dag restaurert tilbake til gammal prakt. Kraftmuseet fortel den spanande historia om overgangen frå jordbruk og turisme til elektrisitet og industri. Slik vart Norge eit moderne samfunn.

Pris for grupper på minimum 15 personar: 80,- pp. 

Besøk utanom opningstid kan tingast for grupper over 15 personar. 

Er det færre personar i ei gruppe, vert prisen rekna for 15 personar.
Timepris for vertskap kjem i tillegg og kostar kr. 600.
Besøk utanom opningstid må tingast 3 virkedager på førehand.

Kontaktperson

Gro Tyssedalstveit Kollbotn
Gro Tyssedalstveit Kollbotn
Besøksansvarleg

Virtuelt besøk

  • 1/1
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 2