Hopp til hovedinnhold

Hardangerforfattaren Gro Holm

Bli med på føredrag om Gro Holm saman med Guttorm Rogdaberg og Brita Jordal. Arrangementet er eit samarbeid mellom Hesthamar skrivargard og Kraftmuseet.

GRO HOLM er ei av fire kvinnlege forfattar som litteraturvitar Jan Inge Sørbø løfta opp og fram gjennom boka «Fire store», Samlaget 2022.

Gro Holm var fødd i 1878 og kom frå bruket «Prestgarden» i Odda, men ho er i praksis heile Hardanger sin forfattar.  I bøkene som ho gav ut i 1930-åra, skildrar ho vår lokale kulturhistorie i bondesamfunnet og i tider med fosseoppkjøp, kraftutbygging og industri. Ho hadde eit særleg blikk på kvinnene og «dei vanvørde» sin situasjon, og let oss møta menneska gjennom slit og glede, jordskifte, utvandring, turisme og industrialisering. I dette programmet vil Guttorm Rogdaberg og Brita Jordal ta oss nærare forfattaren som i si tid var populær i Hardanger.

Brita Jordal ved Kraftmuseet, har arbeidd med Samlingane etter Gro og Olav Holm som kom inn til museet i 1999. Samlingane omfattar arkiv, foto, gjenstandar og kunst. Målet har vore å auka kunnskapen om personane og samfunnet dei representerer, og dette held vi framleis på med, seier Jordal. Brita har vore knytt til Kraftmuseet sidan 1987og har bakgrunn frå Statens bibliotekhøgskule, Etnologi grunnfag og husflidsskular. 

Hardangerforfattaren Gro Holm

Skrivargarden Hesthamar
7. april 2024 kl. 17.00
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 2