Hopp til hovedinnhold

Konsert Terje Isungset Ice Quartet

Museet slår på stortromma i samband med 35-års jubileet, med konsert med Terje Isungset. Den 29. februar kjem han med is-kvartetten sin til kraftstasjonen i Tyssedal for ein oppleving du seint vil gløyme.

  • 1/1

Terje Isungset et ein av landets, om ikkje Europas, beste og mest kjende perkusjonistar. Han reiser i desse dagar rundt i verda med prosjektet «Ice Quartet».  Den magiske opplevinga av ismusikk har bergtatt publikum under utandørs konsertar i mange minusgrader (i Canada har dei spelt i -42 grader!). Dei fleste har derimot ikkje høve til å kome seg til ut til kalde lokasjonar, både av praktiske og økonomiske grunnar, så Isungset har funne ein raffinert metode der han kan bruke is-instrumenta innandørs.

Når Terje Isungset kjem med is-kvartetten sin, og det er mykje spanande logistikk som skal til for å gjennomføra konserten. Isen kjem i ein spesialhengar, og ein isskulptør skal laga instrumenta før konsertstart. Både is-harpa til Julie Rokseth, is-kontrabassen til Toivo Fjose, og is-perkusjonar, horn og trommer til Isungset vert skapt utanfor kraftstasjonen på ettermiddagen. Amalie Holt Kleive kjem og med sin varme vokal.

Instrumenta vert svært tunge, så for å få dei inn – må vi bruka dei nysertifiserte traverskranene. Det blir spektakulært å følgje denne prosessen.

Konserten startar klokka 19.00, men puben er open frå 16.00, for dei som vil sjå korleis ein jobbar fram eit slikt fantastisk konsept.

Dato: 29. februar
Puben åpen fra klokka 16:00
Konserten startar klokka 19:00

Tysso 1
29. februar 2024 kl. 16.00