Hopp til hovedinnhold

Norgesferie - føredrag med Espen A. Jacobsen

Har du kanskje gløymd litt kor spanande nærområde du lev i er? Sett av kvelden under vårjamdøgn på Sentralbadet litteraturhus.

  • 1/1
    Foto: Lena Borge

Fram til utbrotet av første verdskrig brukte den tyske keisaren 23 somrar i Noreg. Desse årvisse, høgprofilerte besøka representerer på mange måtar starten for turismen som ei viktig næring i landet vårt. Odda og områda kring Sørfjorden var mellom keisaren sine favorittplassar i Noreg.

Føredraget tek oss med til ei rekkje av stadene som bergtok keisaren og dei andre tidlege turistane. Nokre av stadene er framleis blømande turistmål og populære attraksjonar, andre har blitt gløymde. Nokre av dei tidlegare turistmagnetane utvikla seg etter kvart med større preg av anna verksemd. Nokre av desse stadene er no i gang med si neste framtid, med ny satsing på turisme og reiseliv.

Inngang: kr. 150 / kr. 200 (Medl. Kraftmuseets venner/Venelaget Sentralbadet) / (Ikke medl.)
Billettar kan kjøpast på TicketCo.

Sentralbadet Litteraturhus, Odda
21. mars 2024 kl. 19.00 – 20.00