Hopp til hovudinnhald

Ein tur for heile familen!

Stien til Lilletopp er tilgjengeleg heile året.

Sommarseong kafé og guidatur i tunellen 2024
Kvar dag frå 1. Juli til 4. August, kl.​12-17

Omvising i fjellet: 80,- per pers

Parkering: P1 Tyssohallen. 
Skjeggedalsvegen 66, 5770 Tyssedal.

Ein bratt, men godt tilrettelagt sti i historiske omgjevnader tek deg opp til ei fantastisk utsikt over fjord og fonn på fjellet Oksla. Lilletopp ligg på toppen av røyrgata. Her finn du ligg ventilhuset, endestasjonar for taubane og trallebane, voktarbolig og smie - til saman 12 hus. Stien opp til Lilletopp går langs elveleiet for Toppelva der vatnet gjekk då det blei overløp i fordelingsbassenget eller når det blei tappa for å reinska tunellane. Fordelingsbassenget har vore tomt sidan 1989, og anlegget er freda og i dag ein del av museet. 

Turen tek om lag 45 min ein veg frå parkeringsplassen ved Tyssohallen. 

Slik finn du vegen til Lilletopp

Raud stipla linje er bilveg, raud heil linje er stien frå Toppelvsvingen. Du kan parkera ved Tysso idrettsplass - Tyssohallen - P1. På Kraftmuseet ved fjorden får du P-billett for ein 3 timars korttidsparkering om du kjøper billett på ein av museet sine stader. 

  • Eit kart over Tyssedal, kor ein rød stipla linje visar turstien til Lilletopp. Illustrasjon.
    1/1
    Kart over turstien til Lilletopp, følg den rød linjen. Kraftmuseet

Saman med Trolltunga-Active er museet ein del av opplegget Tyssedal via-ferrata - ein klatretur langs røyrgata. Godt sikra med klatreutstyr og saman med erfarne klatreguidar klatrar du i rallarane sine fotspor då dei bygde vasskraftverket og la røyr i den bratte fjellsida. 

Museum24:Portal - 2024.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2