Hopp til hovudinnhald

Rådgjevar bygg og anlegg (vikariat)

Kraftmuseet har ledig eit 1-årig vikariat som rådgjevar bygg og anlegg frå 1. januar 2027 i 100% stilling.

Kraftmuseet er eit kulturhistorisk museum som ligg i Ullensvang kommune i vakre Hardanger, med p.t. 16 fast tilsette. Museet formidlar framveksten av industrisamfunnet på byrjinga av 1900-talet, med hovudvekt på vasskraft og smelteverksindustri. Det mest kjente bygget vi forvaltar er den freda kraftstasjonen Tysso I. Vi har ansvar for om lag 25 bygg og ulike publikumsarenaer i Tyssedal og Odda, samt veteranbåten M/Y Tysso.

Vi søkjer etter ein dyktig, positiv, systematisk, allsidig og fleksibel person som vil ha ei nøkkelrolle i den byggtekniske drifta av museet. Rådgjevarstillinga vil bidra til eit høgt fagleg nivå på forvaltinga av museet sine materielle kulturminne innan svært ulike stilartar, og ulike materiale, som mur, metall og treverk.

Kraftmuseet har per i dag fire avdelingar; formidling, samling, bygg og anlegg og administrasjon. Du vil ta del i bygg- og anleggsavdelinga, og bidra til å løyse kulturminnefaglege oppgåver i tett dialog med direktør. 

Kvalifikasjonar:

- God kjennskap til relevant, norsk plan- og lovverk innan bygningsfeltet

- Ei grunnleggjande forståing av kulturminnefaglege problemstillingar innan bygningsvern

- Utdanning som bygningsingeniør, arkitekt m.v.

- Kjennskap til prosjekteringsverktøy og relevante IT-system

- Erfaring frå liknande arbeid, og særleg frå museumsfeltet, tel positivt.

 

Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og samansette, som mellom anna:

- Prosjektering og byggjeleiing av store og små bygningstiltak

- Dialog med vernemynde og deltaking i ulike nettverk

- Arbeid med revisjon av internt planverk

- Søknadsarbeid og rapportering

- Fysisk oppfølging av oppgåver etter behov i avdelinga.

Arbeidet vil variere gjennom året, i tråd med eit årshjul, og andre og nye oppgåver vil òg kome til.

Søkjar bør ha svært gode IKT-kunnskapar, førarkort klasse B og gjerne erfaring med bruk av nynorsk som arbeidsspråk. Arbeidsstad er p.t. i Tyssedal.

Vi legg stor vekt på at nettopp du passar inn i staben hos oss. 

Stillinga er eit 1-årig vikariat i 100 % stilling. Løn etter avtale og ordna pensjonsvilkår p.t. gjennom KLP.

Oppstart: 1. januar 2027.

Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar vert å sende snarast, og innan 01.10.2026, til post@kraftmuseet.no

Velkomen til ein spanande arbeidsplass med engasjerte og dyktige tilsette!

Kontaktperson: Museumsdirektør Liv Eirill Evensen, tlf. 951 35 798, eller e-post evensen@kraftmuseet.no