Hopp til hovudinnhald

Sommarvert til museet

Er du glad i å snakka og fortelje historier? Har du lyst til å lære noko nytt, og formidla det vidare til andre? Søk sommarjobb hos oss! 

Vi treng fleire sommarvertar både på vitensenteret Kraftlaben i Odda, og museet i Tyssedal. Vi har stillingar for dei både over og under 18 år. Som sommarvert er du museet sitt ansikt utad og det er du som møter gjestene. Hos oss vil du læra om, og jobba med nokre av dei heitaste tema for tida – straum og energi. 

Arbeidsoppgåver, Kraftmuseet i Tyssedal: 

  • Ta imot kvar enkelt gjest og få dei til kjenne seg velkomne .
  • Formidla historie  
  • Omvising i den gamle kraftstasjonen 
  • Enkel kafédrift 
  • Resepsjon og butikk 
  • Reinhald og orden, og oppgåver knytt til opning, stenging og drift. 
  • Gjere førefallande oppgåver og løyse utfordringar undervegs 

Vi søker deg som:  

  • Likar menneske, og er imøtekommande og hyggeleg 
  • Er ansvarleg, kreativ og påliteleg 
  • Er initiativrik og har blikk for kva som kan gjerast for å gjere besøksopplevinga endå betre 
  • Har gode munnlege evner i norsk og engelsk, og gjerne andre språk. 
  • Du treng ikkje særskilde kunnskapar på førehand, så lenge du likar å lære og ikkje er redd for å utfordre deg sjølv

Som vert hos oss får du:  

  • Timelønn, kontrakt og ordna arbeidsforhold
  • Variert arbeidserfaring med sjølvstendigheit og ansvar 
  • Lære spanande nye ting innan aktuelle og varierte tema
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø der du blir ein viktig del av teamet på museet 
  • Ein spanande og sosial sommar, der ingen dagar er like
  • All opplæring du treng i jobben, og oppfølging undervegs

Sommaren er for kort til å ha ein kjedeleg sommarjobb – send ein søknad til oss!  

Skriv litt om deg sjølv, kva interesser du har og om du har arbeidserfaring frå før.  Som sommarvert blir du tilsett på heile museet, men vil vanlegvis vere fast på ein arena. Skriv gjerne i søknaden kva for arena du helst vil jobbe på, om du ynskjer å jobbe på begge arenaer er det bare til å søke.

Personlege eigenskapar vil verta vektlagde.

Søknaden må innehalda tida ein kan arbeida innanfor tidsrommet 1. mai – 1. september. 

Send søknad og CV til: post@kraftmuseet.no, frist 24. feb

Har du spørsmål? Ta kontakt med Gro Kollbotn på gro@kraftmuseet.no

  • 1/4
  • 2/4
  • Du står i eit mørklagt rom kor bilete fra Knud Knudsen sin utstilling Frukthagen vises via prosjektor på vegg og gulv. Foto.
    3/4
    Den immersive opplevinga frukthagen med foto av Knud Knudsen. Knut Markhus | Kraftmuseet
  • Kraftstasjonen Tysso 1 speilar seg i Sørfjorden ein vakker sommardag. Foto.
    4/4
    Kraftstasjonen Tysso 1 speilar seg i Sørfjorden ein vakker sommardag. Dag Endre Opedal | Kraftmuseet
Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2