Hopp til hovedinnhold

Sommarvert på Kraftmuseet og KraftLaben

Er du glad i å snakka og fortelje historier? Har du lyst til å lære noko nytt, og formidla det vidare til andre? Søk sommarjobb hos oss!

  • 1/2
  • 2/2

Vi treng fleire sommarvertar både på vitensenteret Kraftlaben i Odda, og museet i Tyssedal. Vi har stillingar for dei både over og under 18 år. Som sommarvert er du museet sitt ansikt utad og det er du som møter gjestene. Hos oss vil du læra om, og jobba med nokre av dei heitaste tema for tida – straum og energi. 

Arbeidsoppgåver, Kraftmuseet i Tyssedal: 

  • Ta imot kvar enkelt gjest og få dei til kjenne seg velkomne .
  • Formidla historie  ​
  • Omvising i den gamle kraftstasjonen 
  • Enkel kafédrift 
  • Resepsjon og butikk 
  • Reinhald og orden, og oppgåver knytt til opning, stenging og drift. 
  • Gjere førefallande oppgåver og løyse utfordringar undervegs 

  • Arbeidsoppgåver, vitensenteret Kraftlaben i Odda: 

    • Ta imot både born og vaksne og delta aktivt i besøksopplevinga deira 
    • Gjennomføre eksperiment og aktivitetar inne og ute 
    • Gjerne bruke eigne interesser og idear i aktivitetane, ha ei leikande og kreativ vertsrolle 
    • Synleggjere tilbodet i Vitenparken og i området rundt 
    • Reinhald og orden, og oppgåver knytt til opning, stenging og drift. 
    • Gjere førefallande oppgåver og løyse utfordringar undervegs

    Vi søker deg som:  

  • Likar menneske, og er imøtekommande og hyggeleg 
  • Er ansvarleg, kreativ og påliteleg 
  • Er initiativrik og har blikk for kva som kan gjerast for å gjere besøksopplevinga endå betre 
  • Har gode munnlege evner i norsk og engelsk, og gjerne andre språk. 
  • Du treng ikkje særskilde kunnskapar på førehand, så lenge du likar å lære og ikkje er redd for å utfordre deg sjølv

  • Som vert hos oss får du:  

    • Timelønn, kontrakt og ordna arbeidsforhold
    • Variert arbeidserfaring med sjølvstendigheit og ansvar 
    • Lære spanande nye ting innan aktuelle og varierte tema
    • Eit inkluderande arbeidsmiljø der du blir ein viktig del av teamet på museet 
    • Ein spanande og sosial sommar, der ingen dagar er like
    • All opplæring du treng i jobben, og oppfølging undervegs

    Sommaren er for kort til å ha ein kjedeleg sommarjobb – send ein søknad til oss!  

    Skriv litt om deg sjølv, kva interesser du har og om du har arbeidserfaring frå før.   Som sommarvert blir du tilsett på heile museet, men vil vanlegvis vere fast på ein arena. Skriv gjerne i søknaden kva for arena du helst vil jobbe på.

    Send søknad og CV til: post@kraftmuseet.no 

    Har du spørsmål? Ta kontakt med 

     

     

    Gro Tyssedalstveit Kollbotn
    Gro Tyssedalstveit Kollbotn
    Besøksansvarleg