Hopp til hovudinnhald

Utleige

På Kraftmuseet kan du leige lokale til selskap, møter, minnestund, konferansar og kurs. Vi har fire fine utleigelokale: Kraftstova, Buen, Kraftstasjonen og Naustbakken 3.

Sida er under utvikling! Meir informasjon om dei ulike lokala og bilete kjem etter kvart. Om du ønskjer meir informasjon ta kontakt på mail: post@kraftmuseet.no eller tlf: 536 50 050.

Eksklusivt møtelokale ved fjorden

Kraftstova kurs- og konferansesenter ligg rett ved den gamle freda kraftstasjonen i Tyssedal.

Komfortable salongar og møtestolar, gode tekniske fasilitetar og profesjonelt vertskap gjer at ein kan ha effektive og gode møte i skjerma omgjevnader. Vi tilbyr dagpakkar som inkluderer kaffi/te, frukt og lunsj (varm eller kald), eller så skreddarsyr vi opplegg utifrå behov. Lokalet kan og leigast utan vertskap, og er populært til konfirmasjonar, dåp og andre høgtider.

Ta kontakt for eit tilbod: gro@kraftmuseet.no

Eit stemningsfullt lokale mellom tjukke bjelkar og gråsteinsmurar. Varmekablar i golv.

Stort uteareal ved fjorden. Bar, kjøleskap, servise, kaffitraktar, vannkokar, isbitmaskin, hybelkomfyr og oppvaskmaskin. Perfekt for eit godt lag med opp til 30 personar.

Ta kontakt: gro@kraftmuseet.no

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 2