- 1/1
Kristoffer Skogheim/Kraftmuseet
Verdas beste sommarjobb!
Er du glad i å eksperimentere deg gjennom arbeidsdagen? Har du lyst til å lære noko nytt, og formidla det vidare til andre? Søk sommarjobb hos oss!
Vi treng sommarvert på vitensenteret Kraftlaben i Odda. Som sommarvert er du laben sitt ansikt utad og det er du som møter gjestene.
Arbeidsoppgåver, vitensenteret Kraftlaben i Odda:
- Ta imot både born og vaksne og gi dei eit fint besøk
- Gjennomføre eksperiment og aktivitetar inne og ute
- Bruke eigne interesser og idear i aktivitetane og ha ei leikande og kreativ vertsrolle
- Synleggjere tilbodet i Vitenparken og i området rundt
- Reinhald og orden, og oppgåver knytt til opning, stenging og drift.
- Gjere førefallande oppgåver og løyse utfordringar undervegs
Vi søker deg som:
- Likar menneske, og er imøtekommande og hyggeleg
- Er ansvarleg, kreativ og påliteleg
- Er initiativrik og har blikk for kva som må gjerast
- Du treng ikkje særskilde kunnskapar på førehand, så lenge du likar å lære og ikkje er redd for å utfordre deg sjølv
Som vert hos oss får du:
- Timelønn, kontrakt og ordna arbeidsforhold
- Variert arbeidserfaring med sjølvstendigheit og ansvar
- Lære spanande nye ting innan aktuelle og varierte tema
- Eit inkluderande arbeidsmiljø der du blir ein viktig del av teamet på museet
- Ein spanande og sosial sommar, der ingen dagar er like
- All opplæring du treng i jobben, og oppfølging undervegs
Sommaren er for kort til å ha ein kjedeleg sommarjobb – send ein søknad til oss!
Skriv litt om deg sjølv, kva interesser du har og om du har arbeidserfaring frå før.
Personlege eigenskapar vil verta vektlagde.
Søknaden må innehalda tida ein kan arbeida innanfor tidsrommet midten av juni til slutten av august.
Send søknad og CV til: post@kraftmuseet.no, frist 1. mars
Har du spørsmål? Ta kontakt med Gro Kollbotn på gro@kraftmuseet.no