Hopp til hovudinnhald

Folgefonngata er den andre gata i Odda som blei ferdig i tråd med byplanen frå 1907. Gata er oppkalla etter isbreen Folgefonna. 
Folgefonngata går frå Kremarvegen til ho stoppar ved Opheimsgata. Gata heitte først Dr. Boyds gate, og var oppkalt etter engelskmannen Dr. Henry Boyd som i ein førtiårsperiode hadde besøkt Odda kvar sommar for å fiska laks. Han hadde gjeve Odda pengegåver og hadde sitt eige hus ved Hotel Hardanger.

Langs Folgefonngata ligg i dag bygningar for handel, offentlege tenester, bustadar og skule. Du finn Politihuset, Domusbygget, bustadblokka «Murboligen» og små arbeidarbustadar. Desse små trehusa er mellom dei eldste i Odda og tre av dei er blitt museum, «Industristadmuseet i Odda», ei avdeling av Kraftmuseet. 

Arbeidarboligane i Odda sentrum består av fem hus, Folgefonngata 9, 11 og 13 i tillegg til to uthus. Uthuset som høyrer til Folgefonngata 9 er biletspelsal og utleigelokale. Leilegheitene er innreia i autentisk stil frå åra 1910, 1920, 1930 og 1950.

Opplev arbeidarboligane i 3D!

Virtuell oppleving av arbeiderboligane i Folgefonngata nr 11 i Odda. Naviger deg frå rom til rom, frå tiår til tiår og sjå korleis levestandaren endra seg etter kvart som åra gjekk. Trykk på dei ulike informasjonspunkta som dukkar opp rundtom for å læra meir om korleis livet fortona seg i dei ulike leiligheitene. Klikk på biletet for å starta rundgangen. Når du kjem inn på modellen, er det fire teikn nede i venstre hjørna som du kan velgja mellom. Ha ein fin tur!

  • 1/1
    Virtuell oppleving av arbeidarboligane i Odda.
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 2