Hopp til hovudinnhald

Personvern på Kraftmuseet

Kva type personopplysingar Kraftmuseet kan henta inn, handsama og lagra, er bestemt av Personopplysingslova. Dette gjeld heile verksemda til museet, inkludert nettstaden kraftmuseet.no. Nettstaden brukar loggfiler, som hentar informasjon som IP-adresser, nettlesartype, tilvisingsside, ISP, tidspunkt m.m. Slike data kan ikkje knytast til deg som person.

Nettstaden nyttar seg av informasjonskapslar, også kalla cookies. Les meir om cookies.

Føremål

Personopplysningslova slår fast at vi skal informera om korleis personopplysningar museet mottek vert nytta. Desse personopplysningane vert handsama etter kapittel II, §8 i Personopplysningslova.

Kraftmuseet samlar inn personopplysningar i samband med publikumskontakt og relatert til museet si forsking, dokumentasjon, rapportering og arkivering. Kraftmuseet si verksemd er styrt etter følgjande føremålsparagraf:

Museet skal samla inn og dekumentera, sikra, driva forsking og formidla historie knytt til elvar og vatn, vasskraftproduksjon, elektrisitet, kraftkrevjande industri og industristaden.

Det er eit overordna mål å​ syna mennesket i høve til heim, arbeidsplass, samfunn og natur. Museet skal vekkja interesse for og samla materiale om vasskraftproduksjon og kraftkrevjande industri sine verknader på samfunnet: Teknisk, økonomisk, sosialt, politisk, kulturelt og miljømessig, gjennom formidling og undervisning, mellom anna knytt til museumsanlegget i Folgefonngata. 

Museet har som mål å bli eit nasjonalt senter for kunnskap og rådgjeving om norsk vasskrafhistorie, og historie knytt til kraftkrevjande industri og samfunnet ikring. Museet har og som mål å bevara, forvalta og formidla kunnskap om det nasjonale kulturminnet Tyssedal Kraftanlegg (Tysso I).

Ansvarleg for handsaming av personopplysningar

Direktør er, på vegne av Kraftmuseet - Norsk vasskraft og industristadmuseum (org.nr. 971 356 944), ansvarleg for korleis verksemda handterer personopplysningar.

Innsamling og handsaming av personopplysningar

Ei personopplysing er alle opplysingar som kan koplast mot deg som person. Vi handsamar berre personopplysningar der det føreligg heimel for å gjera dette. Grunnlaget for heimelen kan vera avtale, samtykke, rettsleg forplikting eller at det er naudsynt for å oppnå foremål knytt til vitskapleg eller historisk forsking eller interesseavveging av andre behov knytt opp mot personvernet. ​

På nettstaden kraftmuseet.no samlar vi inn personopplysningar gjennom kontaktskjema, påmelding til arrangement, konkurransar eller annan kontakt med Kraftmuseet. Grunnlaget for denne handsaminga er artikkel Art 6 (b) i personvernforordninga. Dersom du har samtykket til det vil opplysningane bli nytta til å gje deg informasjon, tilbod og service via e-post, telefon og SMS. Grunnlaget for denne handsaminga er Art 6 (a) i personvernforordninga. Du kan når som helst takka nei til å motta slik informasjon frå oss, eller trekkje samtykket ditt tilbake.

Samlingar, dokumentasjon og forsking:
Kraftmuseet samlar også inn personopplysningar i samband med verksemda sitt samfunnsoppdrag. Dette kan være personopplysningar som følgjer med gjenstandar, fotografi, intervju, gåver, donasjonar m.m. Slike data vert samla inn dersom det er naudsynt med omsyn til samfunnsoppdraget og i ålmenta si interesse.

Jobbsøkere:
I samnband med tilsettingar, mottak Kraftmuseet personopplysningar frå søkjarar. Desse opplysningane vert handsama etter personvernlova.

Personopplysningar på nettsidene våre

Søk på nettstaden
Søkjeord som brukerane søkjer etter på nettstaden, vert samla inn og lagra i Google Analytics. Føremålet med lagringa er å kunna bruka data om kva det vert søkt etter, slik at innhaldet på sidene kan tilpassast brukarane og gjera søkjefunksjonen betre. Søkjeorda kan ikkje koplast til andre opplysningar om brukaren som har gjennomført søket.

Bestillingsknapper og eksterne nettstader
På enkelte sider på nettstaden finst det bestillingsknappar som leiar til andre nettstader,  til dømes knapp for kjøp i arrangementskalender. Dersom lenkja leiar til ein annan nettstad enn kraftmuseet.no, er ikkje Kraftmuseet lenger ansvarleg for handsaming av personopplysninger på den eksterne sida. Då er det personvernerklæringa til den eksterne nettstaden som gjeld.

Integrerte element frå eksterne nettstadar
Enkelte sider på nettstaden kan bruka integrert innhald frå eksterne nettstader, som til dømes TripAdvisor, Facebook, Twitter, Youtube og Instagram. Desse elementa legg igjen cookies i nettlesaren din, som dei respektive plattformene brukar til statistikk og markadsføring (sjå informasjon om cookies ovanfor). 

Kraftmuseet lagrar ikkje informasjon om korleis du nyttar desse elementa. Det er berre den eksterne aktøren som samlar inn og lagrar dette.

Informasjonstryggleik
Vi sikrar dine personopplysningar ved både fysisk og virtuell tilgangskontroll, og med kryptering av sensitive delar av gjevne opplysningar. Nettsidene våre er sikra med SSL-sertifikat.

Kraftmuseet i sosiale medium

Du finn også Kraftmuseet i sosiale medium, som Facebook, Youtube, Vimeo, LinkedIn og Instagram. Aktivitet og informasjon frå deg med din profil vert vist på sida der du har skrive eller lagt inn bilete, til alle besøkjande på sida/profilen. Denne informasjonen er det sosiale mediet (f. eks. Facebook) sin eigendom , og vert ikkje lagra av Kraftmuseet. Vi nyttar ikkje andre kommentarar eller profilinformasjon frå deg enn dei som vert viste i kommentarfeltet på sida. I desse tilfella er det den sosiale medieplattformens si eiga personvernerklæring som gjeld.

Lagring og utlevering av opplysningar

Personopplysningar som vert registrerte på nettstadane våre, er ikkje tilgjengelege for andre besøkjande på nettstaden. Opplysningane vert ikkje delt med tredjepart, med mindre dette er naudsynt for å levera tenesta som er tinga og du har gjeve samtykke til dette.

Kraftmuseet sel ikkje personopplysningane dine til andre.

Opplysningar registrert i samband med arrangement vert lagra etter lova. Dei vert ikkje nytta til anna enn gjeldande arrangementet. Opplysningane vert ikkje delt med tredjepart ut over dette, med mindre du har gjeve samtykke til dette ved utfylling av skjema.

Søkjer du jobb ved Kraftmuseet, lagrar vi din søknad og personopplysningar så lenge tilsettingsprosessen pågår. Deretter vert all data om det sletta,  dersom ikkje anna er avtala og du har gjeve skriftleg samtykke til dette.

Personopplysningar som vert registrert i samband med samlingar, dokumentasjon og forsking vert oppbevarte på eigen server eller lagringsmedium, i låsbare skåp og i magasin med tilgangskontroll.

Innsyn, retting eller sletting av personvernopplysningar

Vi handsamar personopplysningane dine etter personopplysningslova og gjeldande forskrifter. Vi gjer deg med dette merksam på at du kan krevja innsyn i og flyttinga av eigne personopplysningar, samt krevje retting eller sletting av opplysningar.

Du kan klaga til Datatilsynet på handsaming i strid med lovverket.

Kontaktinformasjon

Henvendelse om hvilke opplysninger som er registrert, retting og sletting kan sendes til post@kraftmuseet.no eller Kraftmuseet - Norsk vasskraft og industristadsmuseum, 5770 Tyssedal.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 2