Hopp til hovudinnhald

Om oss

Museet skal samla inn og dokumentera, sikra, driva forsking og formidla historie knytt til elvar og vatn, vasskraftproduksjon, elektrisitet, kraftkrevjande industri og industristaden.Det er eit overordna mål å syna mennesket i høve til heim, arbeidsplass, samfunn og natur. Museet skal vekkja interesse for og samla materiale om vasskraftproduksjon og kraftkrevjande industri sine verknader på samfunnet: Teknisk, økonomisk, sosialt, politisk, kulturelt og miljømessig, gjennom formidling og undervisning, mellom anna knytt til museumsanlegget i Folgefonngata. Museet har som mål å bli eit nasjonalt senter for kunnskap og rådgjeving om norsk vasskrafthistorie, og historie knytt til kraftkrevjande industri og samfunnet ikring. Museet har og som mål å bevara, forvalta og formidla kunnskap om det nasjonale kulturminnet Tyssedal Kraftanlegg (Tysso I).

Museeet har store mengder foto, arkiv, gjenstandar, film, intervju frå kraftverk, prosessindustri, foreiningsliv og fritid i Hardanger. Kraftmuseet forvaltar 25 bygg, industriarkiv, lokalhistoriske arkiv, foto, film og intervju.

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2