Hopp til hovudinnhald

Tilgjengelegheit

Tilgjengelegheit i Tyssedal

Museet ligg i ein gamal kraftstasjon som er bygd for industri, så vis forsiktigheit under besøket. Ikkje klatre på installasjonar og vis respekt for sperringar.

Inngang og parkering: Det er cirka 150 meter å gå frå parkeringa til inngangen til museet. Ring resepsjonen på tlf 536 50 050 om du treng å parkera nærmare. Du kan lese meir om parkering og åtkomst til Kraftmuseet her - lenke.

Barn: Barn kan boltra seg på heile museet, men må passast på av føresette. Vi har fleire aktivitetar for barn: Gå på jakt etter Fossegrimen eller test akustikken. Vi har ei lita avdeling med klossar i enden av stasjonen og nokre aktivitetar for barn i nærleiken av scena. På toalettet heilt i enden av stasjonen finn du stellebord. Det går fint å bruka barnevogn inne i stasjonen; det er god plass. Barnevogner kan ikkje takast med på Brettet.

Toalett: Toaletta finn du heilt i nordenden av stasjonen. Det er godt lagt til rette for rullestolbrukarar. Du finn òg toalett på mesaninen i midten av stasjonen. Desse har tilkomst opp to trapper.

Omvisingar og film: Det er film og omvising til faste tider (lenke). Omvisingane går føre seg på norsk eller engelsk, alt ettersom kven gjestene er. Vi bruker ikkje mikrofon, så gje beskjed til verten om du treng at vi snakkar ekstra høgt. Verten tar deg med rundt i stasjonen, der verten stoppar fleire stader undervegs. Det er dessverre ikkje tilgjengeleg med rullestol/gåstol oppe på Brettet, der omvisingane avsluttar.

Lyd: Det er ingen installasjonar som lagar lyd i kraftstasjonen, men det er mykje ekko, så ein høyrer godt lydar frå andre besøkande.

Reise med hund: Ta gjerne med hunden din inn i stasjonen. Hundar må haldast i band og alltid vera under oppsyn. Vis omsyn til andre gjester. Vi har vatn tilgjengeleg for hundar utanfor inngangsdøra. Dessverre kan ikkje hundar bli med inn i filmsalen.

Følgjeperson: Følgjeperson/ledsagar får gratis inngang på museet.

Kafé og butikk: Vi har utandørs kafé under tak med lokale rettar og lokalprodusert mat om sommaren. Vi serverer både lunsjrettar og vaflar. Vi har alternativ for vegetarianarar, men ikkje veganarar. Allergen står på menyen. Vi har ein liten museumsbutikk med gåveartiklar og lokalprodusert mat.

Foto: Ta gjerne bilete inne i stasjonen! Flott om du bruker @kraftmuseet om du deler bilete på sosiale medium!

Tilgjengelegheit Lilletopp

Turen går i bratt terreng med trapper enkelte plassar. Normalt tar turen 30 min. til ein time. Følg merka sti! Det er farlege partiar utanfor stien

Parkering: sjå  lenke

Barn: Turen til Lilletopp passar for litt eldre barn i følgje med vaksne. Det er ikkje mogeleg å ta med barnevogn til Lilletopp.

Toalett: Det er toalett til nødstilfelle oppe på Lilletopp. Du finn òg toalett på P1.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 2