Hopp til hovudinnhald

Arkiv

Kraftmuseet tar vare på bedriftsarkiv, organisasjonsarkiv og andre privatarkiv. Arkiv er eit viktig grunnlag for dokumentasjon, forsking og skriving av historie.

Industriarkivet

  • Bilete frå ein hyllerad i industriarkivet
    1/4
    Industriarkivet Kraftmuseet
  • Bilete viser industriarkivet i Odda og skalltaket. Foto.
    2/4
    Industriarkivet ligg i den gamle fordelingsstasjonen for straum på Smelteverkstomta. Bygget sto ferdeg i 1908, og vart restaurert og ombygd til arkiv i 2012-2013. Terje Lægreid | Kraftmuseet
  • På bilete kan man sjå ein rad med gamle bøker som tilhøyre arkivet til Kraftmuseet
    3/4
    Gamle bøker Kraftmuseet
  • 4/4

Industriarkivet er ein vikteg del av verksemda til Kraftmuseet, og er ei felles satsing mellom Ullensvang kommune og Kraftmuseet. Industriarkivet ligg i den gamle transformator- og fordelingsstasjonen  på Smelteverkstomta.

Industriarkivet dokumenterer industrihistoria, medverkar til forsking i arkivmaterialet og skal utvikla og tilby digitale arkivtenester til næringslivet. Industriarkiv inneheld viktig informasjon om drift, tilsette, endringar og  avgjerder verksemda gjer, og dokumenterer rettar og plikter verksemda har i høve til offentlege styresmakter og andre.

Andre arkiv

Kraftmuseet tar og vare på arkiv etter frivillige organisasjonar, fagorganisasjonar, bedrifter og andre private samlingar. Desse arkiva fortel om eit stort og aktivt frivillig arbeid i lokalsamfunnet. Dei  er i hovudsak oppbevarte i Kraftmuseet si avdeling i Tyssedal.

Har du spørsmål om arkiv? Ta kontakt med oss!
post@kraftmuseet.no
536 50 050

Lurer du på kva slags arkiv Kraftmuseet har? Du finn det her: 

Museum24:Portal - 2025.05.21
Grunnstilsett-versjon: 2